Oppgåve 3

mai 9, 2007 av Leif Helge Engelsen

Kikk på følgende kurs som er gjennomført av Howard Rheingold ved UC Berkeley.
Dette kurset er lagd i Mediawiki (gratis tilgjengelig). Legg spesielt merke til hvordan kurset er organisert på nettet, og til hvordan de enkelte temaene er beskrevet. Skriv en kommentar i bloggen din der du enten tar opp ulike utfordringer ved å organisere og gjennomføre kurs på denne måten, eller der du går nærmere inn på ett av temaene som kurset omhandler. Kommentaren skal være på maksimalt 1000 tegn.

Kommentar til kurs av Howard Rheingold ved UC Berkeley. Kurs

For meg som ikkje har vore inne på denne sida før var førsteinntrykket mitt at dette var uoversikteleg. Sida var ikkje logisk oppbygd og eg brukte lang tid på å orientera meg om korleis eg skulle navigera for å finna den informasjonen eg trong for å kommentera kursa. Det var og altfor mykje tekst på hovudsida. Min umiddelbare reaksjon var at skal studentar / lærararane våre ta slike kurs må hovudsida vera godt organisert og strukturert på ein slik måte at ein ikkje “gir opp” før ein kjem i gang.
Etter å ha brukt litt tid på hovudsida til Rheingold fann eg no ut av det. Det var ein god kursbeskrivelse til kursa. Denne var nyttig å lesa og den hadde og linkar for dei som trong meir utfyllande informasjon. Dette var bra! Eg kikka litt på studentsidene og dei var oversiktelege. Truleg fordi eg kjende att sidene sidan me nyttar “samme opplegg” på vår eksamensside. Eg synest det er viktig med ei slik side der ein kan ta opp og diskutera ulike problemstillingar og det er litt meir forpliktande for studentane. Kursa til Rheingold er godt strukturert med klåre oppgåver. Det er ei fast ramme med kva ein skal gjera og kor lang tid ein har til disposisjon. På den eine sida er dette bra fordi ein har ein detlajert plan for kurset. Føl ein dette opplegget kjem ein i mål til rett tid, og kjem kanskje ikkje så lett på avvegar. For nye / uerfarne studentar er nok ei slik organisering bra. På den andre sida kan kursa virka for rigide og for strukturerte, noko som kan hemma kreativiteten til studentane og det personlege utbyte av kurset kan kanskje ikkje bli like godt for alle. Det er flott at alle læremidla er på nettet. Då er tilgangen lik for alle uansett kvar i verda ein er. Rheingold har mange linkar i kurset sitt slik at studentane kan gå meir i dybden på ulike tema. Dette er bra fordi ein kjem då til relevant stoff på ein enkel måte. Dette er ein metodikk som mange lærarar i den vidaregåande skulen i dag nyttar med gode tilbakemeldingar frå elevane. For å ta i bruk teknologien til kurs av denne typen må deltakarane ha ein viss minimum av datakunnskapar. Skal me lukkast i skulen trur eg enkle og gode web-kurs/oppskrifter i det å ta slike kurs må til før lærarane “hiv seg på”. Det er ein god metodikk å vise eit opplegg som fungerer, og som ikkje ser avskrekkande ut. For oss ute i distrikta er dette ein god måte å ta kurs på. Vår skule er med i eit forsøk om digital eksamen der ein del av opplæringa / kursinga er web.konferansar med aktiv bruk av data og telefon. Dette var spanande første gongen, og i dag ser me ingen problem med å nytta teknologien til opplæring. Tenk på all tida me sparar i og med at me slepp å reise til Oslo for å ha eit møte på 3 timar. Me oppfordrar lærarane våre til å gjera det samme til våren når dei skal sensurera eksamensoppgåver i saman med sensorar frå andre skular. Då er det godt å seia at dette har eg vore med på og dette “klarar du”. Teknologien er der, og som leiarar må me få fram nytteverdien i å ta i bruk web.2.0-teknologien, samt å gi tid til lærarane for å setja seg inn i “dette nye”. Lukkast me med dette vil det jo i neste omgang koma elevane til gode, noko som vel er meininga med det heile. Skal eg som leiar og lukkast må me få fleire slike samlingar som me dette året har vore på. Kanskje me kan fortsetja opplæringa vår ved hjelp av web. 2.0 teknologien? Det vil forplikta og då held me interessa vår og fokuset på den digitale utviklinga oppe.

Oppgåve 2

mai 4, 2007 av Leif Helge Engelsen

Les artikkelen Dalsgaard, Christian. 2006. Social Software : E-learning beyond learning management systems. I European Journal of Open, Distance and E-Learning Management Systems. Online: www.eurodl.org/materials/contrib/2006/Christian_Dalsgaard.htm., 11 s
Finn en problemstilling eller et tema som du synes er interessant i artikkelen og som du kan relatere til din egen situasjon eller praksis på en eller annen måte. Skriv en kommentar tilsvarende 600-1000 tegn i bloggen din (1-2 sider tekst).

Dalsgaard er i artikkelen opptatt av og argumenterer for ei endring av studentar sin måte å lære på. Han meiner det er nødvendig “to move e-learning beyond learning management systems and engage students in an acitive use of the web as a resource for their self-govered, problem-based and colloborative activities”. Dalsgaard er kritisk til vanlege LMS (It’s learning), og han ynskjer ein diskusjon om korleis ein kan utvikle e-læring vidare. Han ser på LMS som godt eigna til administrative oppgåver. Det er i følge Dalsgaard å flytte e-læringa ut over dei tradisjonelle e-læringssystema og heller involvere studentane i ein interaktiv bruk av internett. Dette er av stor verdi for studentane si læring då det er meir samarbeidsfremjande – interaktivt. Det krev tilgang og veksling mellom ulike nettsider og andre har høve til innsyn og til å koma med kommentarar og samskriving. Dalsgaard er opptatt av å involvere studentane i ulike former for sosiale nettverk. Det finnes eit mangfald av verkty og mange er medlemmar i ulike sosiale nettverk som web, wikis… som støtte til e-læringsaktivitetar. “Social software” kan nyttast konstruktivt i læringsarbeidet i og med at det er ei programvare som kan nyttast som ei kommunikasjonsplattform. Ein LMS kjem inn i denne kategorien. Kan me ikkje då berre nytta It’s learning? Dalsgaard peikar på at det er mange ulemper ved å berre nytta ein LMS. Wiki vert ein heilt annan måte å jobbe på. Alle har like rettar og kan redigere innhaldet. Ulempa er sjølvsagt at alle kan sletta det som er skrive, men det viser seg i praksis at dette ikkje er noko problem for dei fleste elevar bidrar positivt.

I praksis, på ein liten vidaregåande skule på Vestlandet, er dette etter mi meining ein teknologi som me må setja oss meir inn i for å gjera oss nytte av i ein pedagogisk samanheng. Fordelane som eg ser er at elevane våre kan fungere som ei “stor og internasjonal” gruppe online. Skulen vår samarbeidar med skular i Italia og har elevar utplassert i Spania. Ved å nytta denne teknologien kan ein arbeida med felles oppgåver og få mange ulike innspel, innfallsvinklar. I internasjonaliseringsarbeidet ser eg at dette kan ha stor nytteverdi. Det vil og vera lettare for elevar på ulike skular å samarbeida om felles prosjekt t.d. ein byskule på Østlandet og vår skule på bygda. Oppgåva kan t.d. være ungdomskulturen i Oslo og på Fitjar. Me lagar grupper beståande av elevar frå begge skulane og dei leverer eit samla produkt. Kanskje framføringa kan skje digitalt ved hjelp av eit webkamera?

Utfordringane på vår skule er mange. Det er ei bratt læringskurve innan ny teknologi og “alt dette nye” tek tid, og det er mange barrierer som må rivast ned. Klarar me å sjå nytteverdien av den nye teknologien er mykje gjort. Derfor er slike kurs som me no går på svært viktige for å få ei lite innblikk i kva som “rører” seg i datateknologien. Me må heller ikkje vera redd for å nytta elevane som læremeistrar. Ei slik rolleforskyving kan vera nyttig for både elev og lærar, og ikkje minst for rektor og inspektør.

IKT-plan for Fitjar vgs

april 23, 2007 av Leif Helge Engelsen

Arbeidet med IKT-planen til Fitjar vgs har vore interessant og lærerikt. Eg har arbeidd i gruppe saman med 2 frå administrasjonen. I einskilde deler av planen har me involvert fleire faglærarar og superbrukarar. Dette som ei kvalitetssikring av planen slik at fleire får koma med innspel til planen ut frå deira “plass” i skulesamfunnet. Me har også spurd elevar til råds.

Det var nyttig å konkretisera arbeidet med IKT i ein plan. Me vart bevisste på “her og nå” situasjonen og kva retning me skal velja vidare. Å setja opp konkrete målsetjingar med mål, tiltak og ansvar er heilt avgjerande for å nå måla som skulen har sett seg.

Dette var eit nyttig arbeid!

IKT-planen for Fitjar vidaregåande skule:

IKT-UTVIKLINGSPLAN

for

FITJAR VIDAREGÅANDE SKULE

2007 – 2010

Innhald

1 Innleiing 3
2 Føresetnad for IKT-strategi ved Fitjar 3
vidaregåande skule
2.1 Nettverk og tilgang til informasjonshenting 3
2.2 Rom / Utstyr 3
2.3 Berbare pc-ar 4
2.4 Leasing / bruk av eigen pc og programvare 4
2.5 Læringsplattform 4
2.6 Kor godt rusta er lærarane til å vera pådrivarar i
endringsprosessane? 4
2.6.1 Beste kompetanse 4
2.6.2 Dårlegaste kompetanse 4
2.6.3 Korleis vert IKT nytta i praktiske, pedagogiske og
organisatoriske situasjonar 4
2.6.4 Kva vil situasjonen være om fem år dersom me ikkje gjer noko
endringar frå tilstanden i dag? 5
3 Draumescenarier 5
3.1 Korleis ser Fitjar vgs som ein draumeskule ut? 5
3.1.1 Frå rektor sitt synspunkt 5
3.1.2 Frå ein lærar sitt synsspunkt 5
3.1.3 Frå ein kontaktlærar i Restaurant- og matfag sitt synspunkt 6
3.2 Kva må til for å nå draumesamfunnet? 7
3.3 Utfordringar på vegen mot draumesamfunnet 8
3.3.1 Kort sikt (1 år) 8
3.3.2 Mellomlang sikt (2-3 år) 8
3.3.3 Lang sikt (4-5 år) 8
4 Tiltak 9
4.1 Kortsiktige tiltak 9
4.2 Tiltak på mellomlang sikt 10
4.3 Tiltak på lang sikt 11

Vedlegg 12

1 Innleiing

Fitjar vidaregåande har utarbeidd hausten 2006 og våren 2007 utarbeidd ein IKT-plan i samband med ”lederopplæring i IKT. Program for skoleledere i Hordaland fylkeskommune”. Dei som har arbeidd med planen er i hovudsak skuleleiinga, systemansvarleg, rådgjevar og nokre lærarar frå ulike avdelingar.

Planen må ein sjå i samanheng med Fitjar vidaregåande skule sin utviklingsplan og planen er forankra i skulen sine visjonar og pedagogiske plattform.

Fitjar vidaregåande skule sin pedagogiske plattform vert uttrykt gjennom skulen sitt grunnsyn på læring og relasjonar:

• Fitjar vidaregåande skule skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra.
• ”Non scholae, sed vitae” (ikkje for skulen, men for livet)

Hovudmål for IKT for Fitjar vgs:

alle tilsette ved skulen skal nytta digitale verkty

2 Føresetnad for IKT-strategi ved Fitjar vidaregåande skule

2.1 Nettverk og tilgang til informasjonshenting

• Skulen har breiband med høg kapasitet.
• Alle klasserom har tilgang til trådlaust nettverk.
• Alle elevar har eige brukarnavn, passord og heimeområde på domenet.
• Alle elevar kan bruka eigne berbare pc-ar eller låna av skulen i skuletida.

2.2 Rom/ utstyr:

• Skulen har nokon spesialrom med stasjonære pc-ar. Det er også stasjonære pc-ar i korridorar og nokre klasserom.
• Tre av romma har faste projektorar. Det er to berbare projektorar
• Datarom: 17 maskiner
• Biblioteket: 7 maskiner
• Korridorar 4 maskinar
• Naturfagrom: 2 maskinar
• Spesialrom video/musikk/film

2.3 Berbare pc-ar

Skulen har 59 berbare pc-ar til utlån i skuletida. Desse er av nyare dato m/trådlaust nettkort.

2.4 Leasing/bruk av eigen pc og programvare

Alle elevar i HFK får tilbod om å leasa berbare maskiner. Eigne maskiner kan også nyttast så framt dei stettar kravet HFK stiller.

2.5 Læringsplattform

Skulen brukar It’s Learning (Skoleportalen) som læringsplattform. Alle elevar og tilsette får tilgang til portalen.

2.6 Kor godt rusta er lærarane til å vera pådrivarar i endringsprosessane?

Mange lærarar er godt ”rusta” til å vera pådrivarar i endringsprosessane i og med at mange av personale er oppdatert på IKT. Fleire har tatt vidareutdanning innan dette området og skulen er med i ”Lærande Nerttverk” (eit prosjekt i lag med skular frå grunnskulen, vidaregåande skular og høgskulen i Bergen). Skulen arbeider systematisk med opplæring i IKT, og har IKT som eit av hovudmåla i skulen sin Skuleutviklingsplan. Dette gjer at mange lærarar kan vera pådrivarar for endringsprosessar.

2.6.1 Beste kompetanse

• har vidareutdanning i IKT
• meistrar alle moduler i data-kortet
• har oversikt over tilgjengelege digitale verkty
• har gode kunnskapar i pedagogisk bruk av IKT
• har kunnskapar, holdningar og ferdigheiter til å ta i bruk IKT

2.6.2 Dårlegaste kompetanse

• klarar å sende meldingar, lese informasjon på oppslagstavla i It’s learning
• lage eit dokument i Word, lagre og finne att
• middels holdningar til å ta i bruk IKT

2.6.3 Korleis vert IKT nytta i praktiske, pedagogiske og organisatoriske situasjonar?

• informasjon til alle tilsette/elevar, kommunikasjonsverkty
• arkiv
• løns- og personalarbeid
• elevadministrasjon
• i fag: planar, prøvar, innleveringar…………
• digital eksamen
• oppslagsverk

2.6.4 Kva vil situasjonen være om fem år dersom me ikkje gjer noko endringar frå tilstanden i dag?

Det vil være lite bruk av IKT i undervisninga og ein vil stagnere på dette området. Ein vil ikkje sjå kva muligheiter digitale hjelpemiddel gjev. Det vert lite varierte undervisningsmetodar.

Dersom skulen ikkje ”heng med i den digitale utvikliga” vil ”det verste som kan skje” være elevflukt frå den ”digitallause skule”. Det kan igjen føra til at motiverte lærarar, som er oppteken av dagen teknologi og hjelpemiddel i undervisninga, forsvinn.

3.0 Draumescenarier

3.1 Korleis ser Fitjar vgs som ein draumeskule ut?

3.1.1 Frå rektor sitt synspunkt.

Godt utbygd nettverk Elev /lærar har alle kvar sine maskiner, ingen kostnad for eleven, sikre oppbevaringsplassar. God plass i klasseromma, med plass til ulike løysingar, med alle muligheter for oppkoplingar til nettet. Ikkje feil med nettet. Alle programvarer er tilgjengelige for alle. Papirlaust.

3.1.2 Frå ein lærar sitt synspunkt

I det som me tidlegare kalla “gongen”, heng skjermar med informasjon. Datamaskinar finn ein overalt i fellesromma på skulen. Kvar lærar og elev er utstyrt med noko som liknar og er like stor som ein mobiltlf. Den er eit mobilt nettverk som ein kommuniserer med elevar, adm, fylkesadm m.m. Her skriv lærar inn karakterar og fråvær med meir. Til dømes kan adm. gje ei fellesmelding til alle lærarar, og dei vil merke dette ved at det kjem eit lite lydsignal. Deretter les dei meldinga. Det er og høgtalarar overalt på skulen. Desse vert brukt i helt spesielle høve. Slik flyt kommunikasjonen svært bra. Ved kvar elevarbeidsplass( før kalla pult) finn ein trådlause laptoppar, ein del lydlause skrivarar. I klasseromma finst mobile “tavler” som er digitale. Det vil seia at dersom lærar skriv på dei, kan elevane velja å lasta ned denne informasjonen på sine maskinar. Infoen frå leksjonen er tilgjengeleg ei veke etter. Læraren kan og velja å “filma” sin leksjon og sende denne til elevar som studerer heime eller i utlandet. “Tavlene” er mobile, slik som elevplassar og mykje anna i klasserommet. Stolane har hjul og er justerbare, som “pultane”. Det finst mobile sofaer i kvart klasserom. Slik kan klasserommet raskt og lydlaust gjerast “om”, tilpassa situasjonen. Kvar klasse/gruppe har sitt rom då alle hjelpemiddel finst i rommet. Kvar elev har sin laptop, mange skrivarar, høve til å sjå film m.m. Raskt kan til dømes rommet gjerast om til å sjå film, bruk av sofa osv. I fellesromma finst vanndunkar, fruktdunkar. Skulen har eige treningsrom med syklar, crosstrainer og tredemølle. På desse apparata kan ein og gjera arbeid då det er tilpassa elevar som vil trene og lese samstundes. Skulen har mange “celler”, rom som kan bestillast for grupper eller enkeltelevar via nettverket på skulen. Her kan ein arbeida uavbrutt og rommet er lydisolert. Alle på skulen kan bestilla lunch (på data) i eit eige dataprogram innan eit klokkeslett kvar dag. Skulen har sunn mat og drikke. Maten vil vera ferdig på brett til klokkeslettet som bestilt. Det finst ingen faste pausar, dette vert avtalt og kvar elev tek ansvar for dette sjølv. Men dagen er delt i 2. Klassen er i sine klasserom og grupper fram til kl 12. Deretter vel dei kva dei vil delta på fram til kl 16. Dei kan gå til spesielle rom for å få diverse typar fag og dessutan ulike undervisningsmetodar. Men dei må vera påmeldt på førehand slik at ein veit kor mange som kjem. Elevar som har problem i eit fag, kan velja små grupper eller særskilt tilpassa opplegg. Elevane får utbetalt skulepengar for talet på dagar dei har vore på skulen. Elevane har 37.5 timars veke. Elevar som arbeider heime for ein periode har tilgong på all informasjon som gjeld elevar på sin “laptop” og sin “mobiltlf” dersom dei loggar seg inn på skulen sine sider.

Rektor vil raskt nå alle sine elevar og lærarar informasjon. Fellesmøte for lærarar har ein kvar 3 veke. Lærarane arbeider som elevane 37.5 timars veke. Alt arbeid skal gjerast på skulen. Lærarane underviser nokre få timar i veka og veileder ein del timar. Kvar lærar har sitt rom med laptopp, skrivar, tlf og anna. Elevar kan bestilla eit visst antall timar hos lærarane til individuell vegleiing på lærarkontoret.

3.1.3 Frå ein kontaktlærar i Restaurant og matfag

Eg tek utgangspunkt i ”mine ” fag, restaurant og matfag. På utdanningsprogrammet vårt har me mange timar med praktiske fag. Eg ser føre meg ei heilt ny form for undervisning på kjøkenet. På kjøkenet har vi montert ein storskjerm der alle arbeidsoppgåver og oppskrifter er lagt inn på førehand. Kvar elev kan logge seg inn og lese på ”sine” oppgåver.

Vidare ser eg føre meg eit tett samarbeid på tvers av landegrensene, eg har kontakt med liknande skular i andre land og me kan samarbeida om ulike undervisningsopplegg. På denne måten kan me ”kallae ” opp ein skule/restaurant i Italia når me skal undervisa i produksjon av pasta. Skulen i Italia foreviser produksjon av pasta og elevane våre ser på storskjermen og har høve til å spørja undervegs (føreset at både elevar og Italienarar meistrar engelsk). Til dette treng me sjølvsagt webkamera, storskjerm gode høgtalarar, headsett til alle elevar. Denne kommunikasjonsforma kan me bruke uavgrensa, for eksempel til samarbeid med andre skular, til undervisnin til elevar som ikkje kan vere på skulen m.m

Kokebøkene som vi nyttar ligg på nettet, der ligg det og enkle omrekningsprogram som elevane kan nytte dersom dei skal tilpasse ei oppskrift, for eksempel auke/minske.

Føresetnadar:

• elevane må meistra både lesing og skriving, dei må kunne rekne, dei må kunne minst eit framandspråk
• alle elevane bør ha kvar sin PC, ikkje klassesett, men sin eigen….og den må dei ha med seg til ei kvar tid.
• sjølvsagt trådlaust nettverk, som skal vere stabilt, elevane skal kunne ”vandre” rundt på skuleområdet og arbeide der dei måtte ønskje.
• digitale lærebøker, både i praktiske fag og teoretiske fag, mest mogleg papirlaust, alle prøvar innleveringar skjer digitalt.
• kontakt med føresette og elev digitalt, føreset sjølvsagt at alle har tilgong frå heimen, må få ei ”pratelinje” med føresette slik at ein lett kjem i kontakt med dei.
• alt ekstrautstyr skal vere tilgjengelig til ei kvar tid, ein føresetnad er at alle kan bruke utstyret, at vi har nok utstyr, at det fungerar, at alt er der det skal vere

3.2 Kva må til for å nå draumesamfunnet?

Tendensen innan IKT i samfunnet i dag er at alle, og aller mest barn og unge, blir stadig meir aktive i bruken av IKT. Dei set mindre passive og tek imot, men får meir høve til å ta del i interaktive prosessar. Det vil seia at dei gjer val sjølve og at desse vala ”styrer” det som skjer vidare. Døme på dette er at elevar, brukar MSN og SMS, Ipod, skriv blogg, handlar på nettet, Web2, Wikipedia, bruker søkemotorar for å finna informasjon, brukar spel. (Ja, både tenåringar og pensjonistar finn ”date” på nettet!) Denne aktiviteten, i motsetning til passivitet, er svært positiv fordi dei unge for då gjer dei noko sjølve i staden for å berre vera passive mottakarar. Når ein er aktiv og dermed har eit mål med det ein gjer, fører dette til læring. Læringsutbytet er gjerne lite når ein er passiv mottakar. Denne utviklinga mot meir aktivitet bør og må få store konsekvensar i framtidas undervisning, også når det gjeld bruk av IKT. Det har lenge vore sagt at læraren ikkje skal vera den som sit med kunnskapen og som overfører den til eleven, men at læraren meir må bli ein rettleiar for elevane, slik at me hjelper elevane til å finna og å tileigna seg kunnskap. Læraren skal ”læra elevane å læra”. Dette er kjend teori, som etter mi meining, ikkje blir teken nok omsyn til i undervisning, truleg mest fordi det er enklare å presentera noko enn å skapa elevaktivitet.

Me ser for oss at me blir flinkare til å utnytta denne positive utviklinga mot meir aktivitet. Me blir mykje flinkare til å lata elevane nytta sine sterke sider, og sine kreative sider. Me er meir opptekne av at elevane skal få vist kva dei er flinke til, heller enn å ”avsløra” kva dei ikkje kan!

Me vel IKT t.d. til å få elevane engasjerte med å presentera ting, t.d. gjennom mappeevaluering i alle fag, Powerpoint, heimesider, film-snuttar, bildepresentasjonar, lydmedium. Me brukar t.d. chatt og e-post aktivt for at elevar skal kunna få kontakt på tvers av landegrensene.

Dei får høve til å læra og å bruka kunnskap som dei treng i det yrket dei utdannar seg for.

Døme:

Restaurant og matfag: laga menyar, og plakatar, ta bilde av matrettar og laga presentasjonar,

Design og handverk: 3D-produktsjon, og dokumentasjon av produkt og prosessar.

Barne- og ungdom: laga og vedlikehalda heimesider, ta opp og redigera bilde, film og lyd.

Nødvendig infrastruktur: Skulen må ha tilgong til nødvendig utstyr og programvare som er nemnt ovanfor. Me må også ha nok lærarkrefter som både kan og vil jobba med rettleiing innan desse felta. Elevane må eiga sin eigen pc, men også ha tilgong til pc på skulen. Kanskje blir bærbare pcar lettare slik at det ikkje er så slitsamt å ha dei med på skulen. Elles må elevane få tilgong til skap der det er enkelt å låsa inn pcar.

Me synest at me ligg godt ann når det gjeld bærbare pcar og nettilgong, men det er uansett godt å ha tilgong til eige datarom til mange oppgåver. Me skulle ønskja at me hadde to datarom.

Me trur at dei som alt har interesse og engasjement for dette, bør brukast meir aktivt for å få ting til positiv utvikling og auka engasjementet. Det finst mange av dei rundt om på skulen. Dei som ønskjer meir opplæring/utdanning innan ulike deler av IKT, må få høve til dette.

Også internt i lærarteama kan mykje gjerast for å få til utvikling. Det kan gjerast ved å laga grupper innan fag eller studieprogram. Her må folk få ansvar og mynde til å komma med idear, organisera og laga ”ting – program, opplegg…”. Folk må oppfordrast til å fortelja og visa fram det dei gjer. Dette skapar engasjement og gir idear til andre. Nett dette har me erfaring med på skulen vår.

Me trur ikkje at nokon kan ”tvingast” eller styrast til å ta i bruk IKT. Kurs, eller kanskje me skulle kalla det ”arbeids-økter” er veldig nyttige og bra. Men det må takast omsyn til at folk er på ulike nivå. Det hjelper lite med kurs for folk som ikkje er innstilt på å ”gjera jobben” sjølv. Ein kan gå på hundre kurs, utan at ein er særleg mykje meir dyktig i å bruka eit program. Utfordringa er at dei som ikkje vil eller føler at dei kan nok IKT ikkje blir bremseklossar for å få til ei utvikling. Det må leggjast til rette for at alle får lov til å jobba med sine sterke område. Og så kan ein håpa og tru at alle utviklar seg og ”vågar” å lata elevane eller kollega vera ekspertar på dette området, medan ein sjølv er ekspert på noko anna.

Det er ikkje slik at IKT er det einaste viktige i framtida, men det er eit av dei elementa i undervisning som me ikkje kjem utanom.

3.3 Utfordringar på vegen mot draumesamfunnet

3.3.1 Kort sikt (1 år)

Dei viktigaste utfordringane på kort sikt er å få ”alle ” i skulesamfunnet til å bruke It`s learning, slik at dette vert ”sjølvgåande”. Alle lærarar bør ha eigen pc, og aller helst tilgong til nett heime slik at dei kan bruke dette hjelpemiddelet heime og`.

3.3.2 Mellomlang sikt (2-3 år)

Mellomlang sikt at alle elvane har sin eigen pc, at både dei og lærarane kan så mykje at dei beherskar utstyret som skal brukast. At alle elevane har nett-tilgong heime. At føresette kan kommunisere med skulen via nettet i saker som ein ikkje treng å ha personleg oppmøte.

3.3.3 Lang sikt (4-5 år)

Lang sikt at me har greidd å ”følgje med i svingane” at ikkje ting går så fort at me ikkje får med oss alt, at me ikkje greier å fornye oss i takt med tida. Ei anna utfordring vert å finne ein balansegong mellom det digitale samfunnet og det ”menneskelege” samfunnet, me må ikkje missa det mellommenneskelege opp i alt dette.

4 Tiltak

4.1 Kortsiktige tiltak

BAKGRUNN TILTAK ANSVAR NÅR
- viktig at tilgong til utstyr er tilfredsstillande
- innkjøp av utstyr

- adm.

vår 2007

- etablere samarbeid med andre læringsinst.

- deltaking på lærande nettverk (= samarbeids-prosjekt mellom grunnskule, vidaregåande skule og Høskulen i Bergen)
- adm. ,IKT gruppe

skuleåret 2007-08

- ta i bruk IKT ved eksamen

- digital eksamen

- adm., syst.ansvarlege,
faglærarar
- vår 2007

- viktig å registrere kompetansen hos personale for å setja i gang differensiert opplæring

- kartlegging av IKT kunnskapar (ferdigheitar og haldningar) hos personale
- adm., superbrukarar i Is’learning
- vår 2007
- er gj.ført mars 2007

- kompetanseheving hos personale

- interne kurs i
- word

- excel
- It’learning - eks.ansvarleg, superbrukarar - påbegynt mars 2007

- vår 2007
- sårbart med berre ein systemansvarleg på skulen

. - finne ressurs til ein person slik at 2 personar har den tekniske kompetansen som trengst på skulen
- adm., systemansvarleg - ressurs tildelt (10%) ein lærar,
jan. 2007

- innføring av SkoleArena til fråværsføring, vurdering m.m.
- kurs i programmet (fråvær)
- prosedyrar, felles ”reglar”

- kurs i programmet (vurdering) - adm., superbrukarar, syst.ansvarleg

- adm., superbrukarar, syst.ansvarleg
- gj.ført jan. 2007

- aug. 2007
- det er ikkje nettilgong i lokaler skulen leiger i Kultur- og idr.bygget og Posten.
- trådlaus nettilgong i alle klasserom (i lokaler skulen leiger)
- adm., superbrukar,
Hordaland fylkeskommune - det er tatt kontakt med HF, men det er ikkje gjort noko konkret

- vurdere ulike måtar å organisere undervisninga i IKT på - ominnreiing av datarom til integrerte stasjonar rundt på skulen

- fjerne stasjonære maskinar - adm., superbrukar,
Hordaland fylkeskommune - haust 2007

4.2 Tiltak på mellomlang sikt

BAKGRUNN TILTAK ANSVAR NÅR
- ta meir i bruk It’s learning i undervisninga
- interne kurs
- adm., superbrukarar

- aug. 2007

- endra metodikk i undervisninga ved å ta i bruk IKT - kurs
- elektronisk lærebok
- mappemetodikk
- kommunikasjon
- vurdering
- tilpassa opplæring
- digitale læringsressursar
- m.m. - adm., fagkoord., superbrukarar - aug. 2007
(haust 2007)
- alle elevar på VGI skal ha berbar maskin – korleis organiserer skulen dette? - hente inn informasjon frå Hordaland fylkeskommune
- type maskinar
- klargjering
- oppbevaring
- m.m Adm., superbrukarar - april 2007
- alle elevar på VGI skal ha berbar maskin – elevane treng opplæring - kurs for elevar
- bruk av maskinen
- grunnleggande dugleikar
- It’s learning
- touch-metoden
- IKT som ressurs i læringa
- søking på Internett
- kjeldekritikk
- m.m. adm., superbrukarar,
faglærarar - aug. 2007
- haust 2007

4.3 Tiltak på lang sikt

BAKGRUNN TILTAK ANSVAR NÅR
- vidareutvikla kunnskapar, ferdigheiter og haldningar - kurs
- samarbeid med andre skular adm., superbrukarar,
faglærarar
- skuleåret 2009-10
- vurdere maskinparken - fornye maskinparken
- vurdere, kjøpe inn nye teknologiske løysingar
- adm., systemansvarleg, faglærarar - skuleåret 2009-10
- vurdere /endre metodikk i undervisninga ved å nytte IKT - kartlegging
- evaluering
- kurs adm., superbrukarar,
faglærarar
- skuleåret 2009-10

Vedlegg

1. IKT-undersøking ved Fitjar vidaregåande skule

Kartlegging av IKT
1 Korleis er dine kunnskaper innan filbehandling? (lagre, lage mappestruktur for dokumenter på server)

Bra
Middels
Treng opplæring

2 I kva grad meistrar du å bruka Word? (stavekontroll, tabellar, skrittypar, nummerering, blder,..)

Bra
Middels
Treng opplæring

3 I kva grad meistrar du å bruka Excel/rekneark?

Bra
Middels
Treng opplæring
Brukar ikkje excel

4 I kva grad meistrar du å bruka Powerpoint?

Bra
Middels
Treng opplæring

5 I kva grad meistrar du å bruka”paint shop pro” eller andre bildebehandlingsprogram?

Bra
Middels
Treng opplæring
Brukar ikkje slike program

6

I kva grad meistrar du å bruka ulikt AV-utstyr? (videokanon, digitalkamera, filmkamera, CD-brennar,…)

Bra
Middels
Treng opplæring

7 Kva utstyr treng du opplæring i?

8 Er det andre moment som gjeld generelle dataferdigheter du treng opplæring i?

9 Bruk av internett
I kva grad meistrar du å driva kjeldesøk og kjeldekritikk?

Bra
Middels
Treng opplæring

10 Bruk av internett:
I kva grad meistrar du å lasta ned bilder, filmar eller programvare frå nettet?

God
Middels
Treng opplæring

11 Om internett:
Kor mykje nyttar du fagnettstader i dine fag?
(forlaga sine nettstader i ulike fag)

Ofte
Av og til
Sjeldan eller aldri
Veit ikkje om slike fagnettstader

12

Skuleportalen:
I kva grad meistrar du å bruka e-post?
(lese, sende til ein eller fleire mottakarar, leggje ved vedlegg, opne vedlegg)

Bra
Middels
Treng opplæring

13

Skuleportalen:
I kva grad meistrar du å bruka meldingstenesta i It`s Learning?
(opne, sende til fleire mottakarar, leggje ved vedlegg, opne vedlegg)

Bra
Middels
Treng opplæring

14 I kva grad meistrar du å leggje ut fag i It`s Learning?
(opprette fag, leggje inn elevar, legge ut arbeidsplanar eller andre dokument)

Bra
Middels
Treng opplæring

15 I kva grad meistrar du å nytte ulike tenester i It`s Learning?
(leggje ut oppgåver med vurdering, lage test, lage undersøking, …)

Bra
Middels
Treng opplæring

16 Bruker du It`s Learning aktivt i dine fag?

Ja, i alle fag
I nokre fag
Nei

17 Hvis du legger ut dine fag i It`s Learning, nyttar elevane desse sidene?

Ja, mange elevar gjer det
Nokre elevar gjer det
Ingen elevar nyttar sidene

18 Kva kan du eller skulen gjere for at elevane nyttar It`sLearning meir?

19 Er det andre moment om bruk av skoleportalen/It`s Learning du treng opplæring i?

20 Føler du at det er nyttig å bruke digitale verktøy i undervisinga? Forklar kvifor du meiner dette.

21 Treng du kompetanseheving i pedagogisk bruk av IKT?
Forklar.

22 Kunne du tenkje deg å kursa kollegaer i eit eller fleire emne innan IKT? Kva emne?

Oppgåve 1

april 21, 2007 av Leif Helge Engelsen

a. Les artikkelen: McAfee, Andrew. 2006. Enterprise 2.0: The Dawn of Emergent Collaboration. I Sloan Management Review. Spring 2006. Vol 47. Nr 3. (denne finner du på Itslearning).
Finn en problemstilling eller et tema som du synes er interessant i artikkelen og som du kan relatere til din egen situasjon eller praksis på en eller annen måte. Skriv en kommentar tilsvarende 600-1000 tegn i bloggen din (1-2 sider tekst). Deadline 27. april.
Etter deadline skal du kommentere bloggene til to av de andre deltakerne, de to som ligger under deg i listen (den nederste begynner på toppen igjen).

Andrew P. Mc Afee skriv om Enterprice 2.0. Dette er mest kjend som Web. 2.0 (Wiki, blogging…). Mc Afee tek utgangspunkt i kva samfunnet/bedriftene/skulane har i dag. I dagens interaktive samfunn har ein allereie svært mykje tilgjengeleg elektroniske hjelpemidddel, og internett, e-post er svært utbreidd. I dag er dette system som fungerer bra for mange. Systema er lagt opp slik at det er tilgjengeleg for få personar. I Enterprice 2.0 peikar Mc Afee på nye muligheter for samarbeid og interaktiv informasjon. Mange har behov for å skriva for mange – dele med (WIKI) -både tekst og bileter. Mc Afee meiner dette er eit positivt for alle fordi “alle har noko å bidra med”. Bedrifter vil ha stor nytte av dette då ein kan jobbe saman over heile verda utan å “misse tid”, og tid er penger. Den nye teknologien lettar arbeidet til den einskilde. Det vert lettare å søke informasjon, systemet ser etter nye versjonar og oppdaterer programma automatisk. Ein får forslag til linkar og dette aukar kunnskapstilegninga og ein får eit stort mangfald. Enterprice 2.0 vil senke koordineringskostnadane ved å bruke enkle og billig nettbasert teknologi som t.d. blogger, wiki osv. I denne interaktive verden deltek mange, og mange reponderer på det ein “legg ut” og dette engasjerer ungom. Ein får tilbakemelding på noko ein har produsert, kanskje frå nokon i utlandet, og dermed har ein oppretta kontakt.

I den vidaregåande skulen i dag har ein tatt i bruk digitale verkty i undervisninga og til administrative oppgåver. Sentralt er dette eit satsingsområde nedfelt i mange politiske dokument. Sentralt har ein oppretta mange plattformer som er til hjelp for både tilsette, elevar og foreldre. Administrativt har innføring av ny teknologi vore svært vellukka i forhold til foreinkling av arbeidsoperasjonar, oversikt og dokumentasjon. Den nye teknologien sparer oss for mange tunge og tidkrevjande arbeidsoperasjonar. På den einskilde skule har me tatt i bruk IKT (It’S learning) som kommunikasjonssystem. Dette fungerer utmerka då ein alltid, og alle stader med nettilgang, vil ha oppdatert informasjon, kommunikasjon med alle tilsette og elevar, tilgang på adm. ressursar m.m.
Som leiar ser eg klårt mange fordeler med den nye tekonologien, men det er også nokre ankepukt ved den. Eg nyttar svært mykje tid til å oppdatere meg via ulike system. I Hordaland har me intranett og e-post for adm. personale. Denne sida må eg oppdatere meg på kvar dag. Det er svært nyttig! Internt har me It’s learning der eg må sjekka oppslag, meldingar, e-post. I tillegg er skulen med i div. prosjekt som har sine eigne system. Det vert mykje påloggingar og passord å halda styr på. Dette peikar og Mc Afee på i artikkelen der han viser til ei undersøking at e-post, søking på nettet…. hemmar arbeidsaktiviteten. Det straumer på med e-post kvar dag, ofte får ein e-posten fleire gonger og frå fleire ulike hald, og alt bør ein lese!? Dette vil ein unngå dersom ein tek i bruk dei nye funksjonane i Enterprice 2.0.

For meg hadde det vore til stor nytte dersom det hadde vore ein link, samanheng mellom dei ulike systema. Slik det er i dag så lagrar ein noko her og noko der, og når ein skal leita det opp går tida.

For elevane sin del er dette og viktig. Det flommer over av informasjon, tilbod og den eine nettsida etter den andre konkurrerer om å fange den einskilde si merksemd ved bruk av seriøse og eller useriøse metodar. Mange nettsider er svært nyttige i ein fagleg samanheng, særskildt nettsidene til forlaga. Men det krev tid og ressursar til å gjere seg nytte av desse tilboda. Her må den einskilde faglærar setje av tid til å vurdere dei ulike sidene. Då kunne den nye teknologien i Enterprice 2.0 vore nyttig til å få til eit samarbeid med skular rundt om i landet. Av erfaring så veit eg at mange lærarar ynskjer å ta i bruk ny teknologi, men då må adm. leggja forholda til rette for at personale får tid og ressursar til dette arbeidet. Skulane må tenkja på korleis dette best kan gjerast, og ein må ikke ta for store skritt om gongen. Bruk personale som er ivrige på dette området. Gi dei tid og ressursar slik at nokon startar for så å implementerer det i resten av personale. Hugs også å nytte elvane som ressurar. Mange kan nok den nye teknologien og ser nok fleire muligheter enn kva me gjer i dag.