a. Les artikkelen: McAfee, Andrew. 2006. Enterprise 2.0: The Dawn of Emergent Collaboration. I Sloan Management Review. Spring 2006. Vol 47. Nr 3. (denne finner du på Itslearning).
Finn en problemstilling eller et tema som du synes er interessant i artikkelen og som du kan relatere til din egen situasjon eller praksis på en eller annen måte. Skriv en kommentar tilsvarende 600-1000 tegn i bloggen din (1-2 sider tekst). Deadline 27. april.
Etter deadline skal du kommentere bloggene til to av de andre deltakerne, de to som ligger under deg i listen (den nederste begynner på toppen igjen).
Andrew P. Mc Afee skriv om Enterprice 2.0. Dette er mest kjend som Web. 2.0 (Wiki, blogging…). Mc Afee tek utgangspunkt i kva samfunnet/bedriftene/skulane har i dag. I dagens interaktive samfunn har ein allereie svært mykje tilgjengeleg elektroniske hjelpemidddel, og internett, e-post er svært utbreidd. I dag er dette system som fungerer bra for mange. Systema er lagt opp slik at det er tilgjengeleg for få personar. I Enterprice 2.0 peikar Mc Afee på nye muligheter for samarbeid og interaktiv informasjon. Mange har behov for å skriva for mange – dele med (WIKI) -både tekst og bileter. Mc Afee meiner dette er eit positivt for alle fordi “alle har noko å bidra med”. Bedrifter vil ha stor nytte av dette då ein kan jobbe saman over heile verda utan å “misse tid”, og tid er penger. Den nye teknologien lettar arbeidet til den einskilde. Det vert lettare å søke informasjon, systemet ser etter nye versjonar og oppdaterer programma automatisk. Ein får forslag til linkar og dette aukar kunnskapstilegninga og ein får eit stort mangfald. Enterprice 2.0 vil senke koordineringskostnadane ved å bruke enkle og billig nettbasert teknologi som t.d. blogger, wiki osv. I denne interaktive verden deltek mange, og mange reponderer på det ein “legg ut” og dette engasjerer ungom. Ein får tilbakemelding på noko ein har produsert, kanskje frå nokon i utlandet, og dermed har ein oppretta kontakt.
I den vidaregåande skulen i dag har ein tatt i bruk digitale verkty i undervisninga og til administrative oppgåver. Sentralt er dette eit satsingsområde nedfelt i mange politiske dokument. Sentralt har ein oppretta mange plattformer som er til hjelp for både tilsette, elevar og foreldre. Administrativt har innføring av ny teknologi vore svært vellukka i forhold til foreinkling av arbeidsoperasjonar, oversikt og dokumentasjon. Den nye teknologien sparer oss for mange tunge og tidkrevjande arbeidsoperasjonar. På den einskilde skule har me tatt i bruk IKT (It’S learning) som kommunikasjonssystem. Dette fungerer utmerka då ein alltid, og alle stader med nettilgang, vil ha oppdatert informasjon, kommunikasjon med alle tilsette og elevar, tilgang på adm. ressursar m.m.
Som leiar ser eg klårt mange fordeler med den nye tekonologien, men det er også nokre ankepukt ved den. Eg nyttar svært mykje tid til å oppdatere meg via ulike system. I Hordaland har me intranett og e-post for adm. personale. Denne sida må eg oppdatere meg på kvar dag. Det er svært nyttig! Internt har me It’s learning der eg må sjekka oppslag, meldingar, e-post. I tillegg er skulen med i div. prosjekt som har sine eigne system. Det vert mykje påloggingar og passord å halda styr på. Dette peikar og Mc Afee på i artikkelen der han viser til ei undersøking at e-post, søking på nettet…. hemmar arbeidsaktiviteten. Det straumer på med e-post kvar dag, ofte får ein e-posten fleire gonger og frå fleire ulike hald, og alt bør ein lese!? Dette vil ein unngå dersom ein tek i bruk dei nye funksjonane i Enterprice 2.0.
For meg hadde det vore til stor nytte dersom det hadde vore ein link, samanheng mellom dei ulike systema. Slik det er i dag så lagrar ein noko her og noko der, og når ein skal leita det opp går tida.
For elevane sin del er dette og viktig. Det flommer over av informasjon, tilbod og den eine nettsida etter den andre konkurrerer om å fange den einskilde si merksemd ved bruk av seriøse og eller useriøse metodar. Mange nettsider er svært nyttige i ein fagleg samanheng, særskildt nettsidene til forlaga. Men det krev tid og ressursar til å gjere seg nytte av desse tilboda. Her må den einskilde faglærar setje av tid til å vurdere dei ulike sidene. Då kunne den nye teknologien i Enterprice 2.0 vore nyttig til å få til eit samarbeid med skular rundt om i landet. Av erfaring så veit eg at mange lærarar ynskjer å ta i bruk ny teknologi, men då må adm. leggja forholda til rette for at personale får tid og ressursar til dette arbeidet. Skulane må tenkja på korleis dette best kan gjerast, og ein må ikke ta for store skritt om gongen. Bruk personale som er ivrige på dette området. Gi dei tid og ressursar slik at nokon startar for så å implementerer det i resten av personale. Hugs også å nytte elvane som ressurar. Mange kan nok den nye teknologien og ser nok fleire muligheter enn kva me gjer i dag.
april 27, 2007 ved 12:47 pm
Heisann! Flott. No er vi i gong. Fekk ut min post i går.
mai 2, 2007 ved 12:04 pm
Hei!
Ein interessant kommentar. Eg er einig med deg at dersom det er mange kanalar å halde seg oppdatert i, mange passord å halde styr på osb., så vert all denne nye teknologien lett ein tidstjuv av dimensjonar. På vår skule har me lenge nytta e-posten til info, i tillegg til ITSL. Alle planar, rundskriv o.l. vert lagt ut i det interne infofaget, og eg synest det fungerer greitt. Det vert likevel uhorvelege mengder informasjon, og umogeleg å halde seg oppdatert på alt heile tida. Det går mykje tid kvar dag berre på å lese e-post og sjekke ITSL. Slik er det vel (og må det kanskje vera?) i store organisasjonar. Likevel synest eg at det er enklare å finne akkurat det ein er ute etter no enn før, då ein måtte gå rundar på kontora for å finne ut kven som hadde den og den informasjonen. Det er blitt enklare å kommunisere med grupper eller alle, og ikkje minst enklare å kommunisere med folk på andre skular. Det største problemet på undervisningssida er som du peikar på mangelen på digitale ressursar, og tida det tar for einskilde lærarar å leita opp og kvalitetssikra det som finst. Me har for lite tid til fagleg oppdatering i utgangspunktet, og alt nytt må lærast. Einig i at ein må byrje med nokre “eldsjeler”, og som du seier er det heilt naudsynt at det vert knytt ressursar til dette arbeidet.
mai 2, 2007 ved 8:06 pm
Jeg er også helt enig i at det er mye å holde styr på med alle passord og mailer som dukker opp overalt. Det håper jeg virkelig det blir en ordning på frem i tid.
Det jeg likte spesielt godt med ditt inlegg var dette med at ressurser bør følge oppgaver som tillegges lærere. Det er særdeles viktig at administrasjonene rundt omkring på skolene har forståelse med det arbeidet som lærerne skal starte opp i høst. Det meste av arbeidet må selvsagt vi som lærere stå for selv, men å vite at ledelsen satser på kompetanseheving ved å sette av nok midler til kurs og “hjelpere” (helst en per arbeidsrom) er godt å vite. Ellers så kan jeg ikke få understreke viktigheten av positiv oppbakking. Ledelsen må vise interesse for det arbeidet og fremgangen som skjer på avdelingene. En blomst eller skål med kjeks på arbeidsrommet fra ledelsen for god innsats kan også være velbrukte penger…….
mai 3, 2007 ved 7:03 pm
Interessant innlegg og kommentarer.
Skaper vi oss et nytt problem ved å introdusere flere systemer? Og hvorfor dukker ikke posten fra fylkeskommunen opp i itslearning? Og hva med alt det andre som ikke kan løses noen av disse stedene?
En fare er at det kan bli så mange teknologier å holde orden på at vi nesten gir opp. Det opplever jeg til tider selv også. Men jeg tror dette er et overgangsfenomen. I dag samler jeg alle bloggene i http://www.netvibes.com, der jeg leser alle innleggene på en side. Jeg kan hente mailen min dit, og se andre informasjonselementer som jeg velger å abonnere på, blant annet bilder fra flickr og værmeldinger.
Mens vi venter på “limet” må vi forholde oss til de enkelte systemene, og det kan være frustrerende nok. Men samtidig vil jeg også peke på behovet for å skaffe seg mer ervaring med web2.0, både som organisasjonsteknologi og som pedagogisk teknologi. Her har vi ennå mye ugjort, og det er dere pionerene som skal vise veien videre. Dere er allerede godt i gang bare med å jobbe på denne måten. Dere reflekterer over utfordringer dere må løse, og hjelper hverandre på veien mot målet.
Stå på.
Hilsen fra
Arne Krokan