Arbeidet med IKT-planen til Fitjar vgs har vore interessant og lærerikt. Eg har arbeidd i gruppe saman med 2 frå administrasjonen. I einskilde deler av planen har me involvert fleire faglærarar og superbrukarar. Dette som ei kvalitetssikring av planen slik at fleire får koma med innspel til planen ut frå deira “plass” i skulesamfunnet. Me har også spurd elevar til råds.
Det var nyttig å konkretisera arbeidet med IKT i ein plan. Me vart bevisste på “her og nå” situasjonen og kva retning me skal velja vidare. Å setja opp konkrete målsetjingar med mål, tiltak og ansvar er heilt avgjerande for å nå måla som skulen har sett seg.
Dette var eit nyttig arbeid!
IKT-planen for Fitjar vidaregåande skule:
IKT-UTVIKLINGSPLAN
for
FITJAR VIDAREGÅANDE SKULE
2007 – 2010
Innhald
1 Innleiing 3
2 Føresetnad for IKT-strategi ved Fitjar 3
vidaregåande skule
2.1 Nettverk og tilgang til informasjonshenting 3
2.2 Rom / Utstyr 3
2.3 Berbare pc-ar 4
2.4 Leasing / bruk av eigen pc og programvare 4
2.5 Læringsplattform 4
2.6 Kor godt rusta er lærarane til å vera pådrivarar i
endringsprosessane? 4
2.6.1 Beste kompetanse 4
2.6.2 Dårlegaste kompetanse 4
2.6.3 Korleis vert IKT nytta i praktiske, pedagogiske og
organisatoriske situasjonar 4
2.6.4 Kva vil situasjonen være om fem år dersom me ikkje gjer noko
endringar frå tilstanden i dag? 5
3 Draumescenarier 5
3.1 Korleis ser Fitjar vgs som ein draumeskule ut? 5
3.1.1 Frå rektor sitt synspunkt 5
3.1.2 Frå ein lærar sitt synsspunkt 5
3.1.3 Frå ein kontaktlærar i Restaurant- og matfag sitt synspunkt 6
3.2 Kva må til for å nå draumesamfunnet? 7
3.3 Utfordringar på vegen mot draumesamfunnet 8
3.3.1 Kort sikt (1 år) 8
3.3.2 Mellomlang sikt (2-3 år) 8
3.3.3 Lang sikt (4-5 år) 8
4 Tiltak 9
4.1 Kortsiktige tiltak 9
4.2 Tiltak på mellomlang sikt 10
4.3 Tiltak på lang sikt 11
Vedlegg 12
1 Innleiing
Fitjar vidaregåande har utarbeidd hausten 2006 og våren 2007 utarbeidd ein IKT-plan i samband med ”lederopplæring i IKT. Program for skoleledere i Hordaland fylkeskommune”. Dei som har arbeidd med planen er i hovudsak skuleleiinga, systemansvarleg, rådgjevar og nokre lærarar frå ulike avdelingar.
Planen må ein sjå i samanheng med Fitjar vidaregåande skule sin utviklingsplan og planen er forankra i skulen sine visjonar og pedagogiske plattform.
Fitjar vidaregåande skule sin pedagogiske plattform vert uttrykt gjennom skulen sitt grunnsyn på læring og relasjonar:
• Fitjar vidaregåande skule skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra.
• ”Non scholae, sed vitae” (ikkje for skulen, men for livet)
Hovudmål for IKT for Fitjar vgs:
alle tilsette ved skulen skal nytta digitale verkty
2 Føresetnad for IKT-strategi ved Fitjar vidaregåande skule
2.1 Nettverk og tilgang til informasjonshenting
• Skulen har breiband med høg kapasitet.
• Alle klasserom har tilgang til trådlaust nettverk.
• Alle elevar har eige brukarnavn, passord og heimeområde på domenet.
• Alle elevar kan bruka eigne berbare pc-ar eller låna av skulen i skuletida.
2.2 Rom/ utstyr:
• Skulen har nokon spesialrom med stasjonære pc-ar. Det er også stasjonære pc-ar i korridorar og nokre klasserom.
• Tre av romma har faste projektorar. Det er to berbare projektorar
• Datarom: 17 maskiner
• Biblioteket: 7 maskiner
• Korridorar 4 maskinar
• Naturfagrom: 2 maskinar
• Spesialrom video/musikk/film
2.3 Berbare pc-ar
Skulen har 59 berbare pc-ar til utlån i skuletida. Desse er av nyare dato m/trådlaust nettkort.
2.4 Leasing/bruk av eigen pc og programvare
Alle elevar i HFK får tilbod om å leasa berbare maskiner. Eigne maskiner kan også nyttast så framt dei stettar kravet HFK stiller.
2.5 Læringsplattform
Skulen brukar It’s Learning (Skoleportalen) som læringsplattform. Alle elevar og tilsette får tilgang til portalen.
2.6 Kor godt rusta er lærarane til å vera pådrivarar i endringsprosessane?
Mange lærarar er godt ”rusta” til å vera pådrivarar i endringsprosessane i og med at mange av personale er oppdatert på IKT. Fleire har tatt vidareutdanning innan dette området og skulen er med i ”Lærande Nerttverk” (eit prosjekt i lag med skular frå grunnskulen, vidaregåande skular og høgskulen i Bergen). Skulen arbeider systematisk med opplæring i IKT, og har IKT som eit av hovudmåla i skulen sin Skuleutviklingsplan. Dette gjer at mange lærarar kan vera pådrivarar for endringsprosessar.
2.6.1 Beste kompetanse
• har vidareutdanning i IKT
• meistrar alle moduler i data-kortet
• har oversikt over tilgjengelege digitale verkty
• har gode kunnskapar i pedagogisk bruk av IKT
• har kunnskapar, holdningar og ferdigheiter til å ta i bruk IKT
2.6.2 Dårlegaste kompetanse
• klarar å sende meldingar, lese informasjon på oppslagstavla i It’s learning
• lage eit dokument i Word, lagre og finne att
• middels holdningar til å ta i bruk IKT
2.6.3 Korleis vert IKT nytta i praktiske, pedagogiske og organisatoriske situasjonar?
• informasjon til alle tilsette/elevar, kommunikasjonsverkty
• arkiv
• løns- og personalarbeid
• elevadministrasjon
• i fag: planar, prøvar, innleveringar…………
• digital eksamen
• oppslagsverk
2.6.4 Kva vil situasjonen være om fem år dersom me ikkje gjer noko endringar frå tilstanden i dag?
Det vil være lite bruk av IKT i undervisninga og ein vil stagnere på dette området. Ein vil ikkje sjå kva muligheiter digitale hjelpemiddel gjev. Det vert lite varierte undervisningsmetodar.
Dersom skulen ikkje ”heng med i den digitale utvikliga” vil ”det verste som kan skje” være elevflukt frå den ”digitallause skule”. Det kan igjen føra til at motiverte lærarar, som er oppteken av dagen teknologi og hjelpemiddel i undervisninga, forsvinn.
3.0 Draumescenarier
3.1 Korleis ser Fitjar vgs som ein draumeskule ut?
3.1.1 Frå rektor sitt synspunkt.
Godt utbygd nettverk Elev /lærar har alle kvar sine maskiner, ingen kostnad for eleven, sikre oppbevaringsplassar. God plass i klasseromma, med plass til ulike løysingar, med alle muligheter for oppkoplingar til nettet. Ikkje feil med nettet. Alle programvarer er tilgjengelige for alle. Papirlaust.
3.1.2 Frå ein lærar sitt synspunkt
I det som me tidlegare kalla “gongen”, heng skjermar med informasjon. Datamaskinar finn ein overalt i fellesromma på skulen. Kvar lærar og elev er utstyrt med noko som liknar og er like stor som ein mobiltlf. Den er eit mobilt nettverk som ein kommuniserer med elevar, adm, fylkesadm m.m. Her skriv lærar inn karakterar og fråvær med meir. Til dømes kan adm. gje ei fellesmelding til alle lærarar, og dei vil merke dette ved at det kjem eit lite lydsignal. Deretter les dei meldinga. Det er og høgtalarar overalt på skulen. Desse vert brukt i helt spesielle høve. Slik flyt kommunikasjonen svært bra. Ved kvar elevarbeidsplass( før kalla pult) finn ein trådlause laptoppar, ein del lydlause skrivarar. I klasseromma finst mobile “tavler” som er digitale. Det vil seia at dersom lærar skriv på dei, kan elevane velja å lasta ned denne informasjonen på sine maskinar. Infoen frå leksjonen er tilgjengeleg ei veke etter. Læraren kan og velja å “filma” sin leksjon og sende denne til elevar som studerer heime eller i utlandet. “Tavlene” er mobile, slik som elevplassar og mykje anna i klasserommet. Stolane har hjul og er justerbare, som “pultane”. Det finst mobile sofaer i kvart klasserom. Slik kan klasserommet raskt og lydlaust gjerast “om”, tilpassa situasjonen. Kvar klasse/gruppe har sitt rom då alle hjelpemiddel finst i rommet. Kvar elev har sin laptop, mange skrivarar, høve til å sjå film m.m. Raskt kan til dømes rommet gjerast om til å sjå film, bruk av sofa osv. I fellesromma finst vanndunkar, fruktdunkar. Skulen har eige treningsrom med syklar, crosstrainer og tredemølle. På desse apparata kan ein og gjera arbeid då det er tilpassa elevar som vil trene og lese samstundes. Skulen har mange “celler”, rom som kan bestillast for grupper eller enkeltelevar via nettverket på skulen. Her kan ein arbeida uavbrutt og rommet er lydisolert. Alle på skulen kan bestilla lunch (på data) i eit eige dataprogram innan eit klokkeslett kvar dag. Skulen har sunn mat og drikke. Maten vil vera ferdig på brett til klokkeslettet som bestilt. Det finst ingen faste pausar, dette vert avtalt og kvar elev tek ansvar for dette sjølv. Men dagen er delt i 2. Klassen er i sine klasserom og grupper fram til kl 12. Deretter vel dei kva dei vil delta på fram til kl 16. Dei kan gå til spesielle rom for å få diverse typar fag og dessutan ulike undervisningsmetodar. Men dei må vera påmeldt på førehand slik at ein veit kor mange som kjem. Elevar som har problem i eit fag, kan velja små grupper eller særskilt tilpassa opplegg. Elevane får utbetalt skulepengar for talet på dagar dei har vore på skulen. Elevane har 37.5 timars veke. Elevar som arbeider heime for ein periode har tilgong på all informasjon som gjeld elevar på sin “laptop” og sin “mobiltlf” dersom dei loggar seg inn på skulen sine sider.
Rektor vil raskt nå alle sine elevar og lærarar informasjon. Fellesmøte for lærarar har ein kvar 3 veke. Lærarane arbeider som elevane 37.5 timars veke. Alt arbeid skal gjerast på skulen. Lærarane underviser nokre få timar i veka og veileder ein del timar. Kvar lærar har sitt rom med laptopp, skrivar, tlf og anna. Elevar kan bestilla eit visst antall timar hos lærarane til individuell vegleiing på lærarkontoret.
3.1.3 Frå ein kontaktlærar i Restaurant og matfag
Eg tek utgangspunkt i ”mine ” fag, restaurant og matfag. På utdanningsprogrammet vårt har me mange timar med praktiske fag. Eg ser føre meg ei heilt ny form for undervisning på kjøkenet. På kjøkenet har vi montert ein storskjerm der alle arbeidsoppgåver og oppskrifter er lagt inn på førehand. Kvar elev kan logge seg inn og lese på ”sine” oppgåver.
Vidare ser eg føre meg eit tett samarbeid på tvers av landegrensene, eg har kontakt med liknande skular i andre land og me kan samarbeida om ulike undervisningsopplegg. På denne måten kan me ”kallae ” opp ein skule/restaurant i Italia når me skal undervisa i produksjon av pasta. Skulen i Italia foreviser produksjon av pasta og elevane våre ser på storskjermen og har høve til å spørja undervegs (føreset at både elevar og Italienarar meistrar engelsk). Til dette treng me sjølvsagt webkamera, storskjerm gode høgtalarar, headsett til alle elevar. Denne kommunikasjonsforma kan me bruke uavgrensa, for eksempel til samarbeid med andre skular, til undervisnin til elevar som ikkje kan vere på skulen m.m
Kokebøkene som vi nyttar ligg på nettet, der ligg det og enkle omrekningsprogram som elevane kan nytte dersom dei skal tilpasse ei oppskrift, for eksempel auke/minske.
Føresetnadar:
• elevane må meistra både lesing og skriving, dei må kunne rekne, dei må kunne minst eit framandspråk
• alle elevane bør ha kvar sin PC, ikkje klassesett, men sin eigen….og den må dei ha med seg til ei kvar tid.
• sjølvsagt trådlaust nettverk, som skal vere stabilt, elevane skal kunne ”vandre” rundt på skuleområdet og arbeide der dei måtte ønskje.
• digitale lærebøker, både i praktiske fag og teoretiske fag, mest mogleg papirlaust, alle prøvar innleveringar skjer digitalt.
• kontakt med føresette og elev digitalt, føreset sjølvsagt at alle har tilgong frå heimen, må få ei ”pratelinje” med føresette slik at ein lett kjem i kontakt med dei.
• alt ekstrautstyr skal vere tilgjengelig til ei kvar tid, ein føresetnad er at alle kan bruke utstyret, at vi har nok utstyr, at det fungerar, at alt er der det skal vere
3.2 Kva må til for å nå draumesamfunnet?
Tendensen innan IKT i samfunnet i dag er at alle, og aller mest barn og unge, blir stadig meir aktive i bruken av IKT. Dei set mindre passive og tek imot, men får meir høve til å ta del i interaktive prosessar. Det vil seia at dei gjer val sjølve og at desse vala ”styrer” det som skjer vidare. Døme på dette er at elevar, brukar MSN og SMS, Ipod, skriv blogg, handlar på nettet, Web2, Wikipedia, bruker søkemotorar for å finna informasjon, brukar spel. (Ja, både tenåringar og pensjonistar finn ”date” på nettet!) Denne aktiviteten, i motsetning til passivitet, er svært positiv fordi dei unge for då gjer dei noko sjølve i staden for å berre vera passive mottakarar. Når ein er aktiv og dermed har eit mål med det ein gjer, fører dette til læring. Læringsutbytet er gjerne lite når ein er passiv mottakar. Denne utviklinga mot meir aktivitet bør og må få store konsekvensar i framtidas undervisning, også når det gjeld bruk av IKT. Det har lenge vore sagt at læraren ikkje skal vera den som sit med kunnskapen og som overfører den til eleven, men at læraren meir må bli ein rettleiar for elevane, slik at me hjelper elevane til å finna og å tileigna seg kunnskap. Læraren skal ”læra elevane å læra”. Dette er kjend teori, som etter mi meining, ikkje blir teken nok omsyn til i undervisning, truleg mest fordi det er enklare å presentera noko enn å skapa elevaktivitet.
Me ser for oss at me blir flinkare til å utnytta denne positive utviklinga mot meir aktivitet. Me blir mykje flinkare til å lata elevane nytta sine sterke sider, og sine kreative sider. Me er meir opptekne av at elevane skal få vist kva dei er flinke til, heller enn å ”avsløra” kva dei ikkje kan!
Me vel IKT t.d. til å få elevane engasjerte med å presentera ting, t.d. gjennom mappeevaluering i alle fag, Powerpoint, heimesider, film-snuttar, bildepresentasjonar, lydmedium. Me brukar t.d. chatt og e-post aktivt for at elevar skal kunna få kontakt på tvers av landegrensene.
Dei får høve til å læra og å bruka kunnskap som dei treng i det yrket dei utdannar seg for.
Døme:
Restaurant og matfag: laga menyar, og plakatar, ta bilde av matrettar og laga presentasjonar,
Design og handverk: 3D-produktsjon, og dokumentasjon av produkt og prosessar.
Barne- og ungdom: laga og vedlikehalda heimesider, ta opp og redigera bilde, film og lyd.
Nødvendig infrastruktur: Skulen må ha tilgong til nødvendig utstyr og programvare som er nemnt ovanfor. Me må også ha nok lærarkrefter som både kan og vil jobba med rettleiing innan desse felta. Elevane må eiga sin eigen pc, men også ha tilgong til pc på skulen. Kanskje blir bærbare pcar lettare slik at det ikkje er så slitsamt å ha dei med på skulen. Elles må elevane få tilgong til skap der det er enkelt å låsa inn pcar.
Me synest at me ligg godt ann når det gjeld bærbare pcar og nettilgong, men det er uansett godt å ha tilgong til eige datarom til mange oppgåver. Me skulle ønskja at me hadde to datarom.
Me trur at dei som alt har interesse og engasjement for dette, bør brukast meir aktivt for å få ting til positiv utvikling og auka engasjementet. Det finst mange av dei rundt om på skulen. Dei som ønskjer meir opplæring/utdanning innan ulike deler av IKT, må få høve til dette.
Også internt i lærarteama kan mykje gjerast for å få til utvikling. Det kan gjerast ved å laga grupper innan fag eller studieprogram. Her må folk få ansvar og mynde til å komma med idear, organisera og laga ”ting – program, opplegg…”. Folk må oppfordrast til å fortelja og visa fram det dei gjer. Dette skapar engasjement og gir idear til andre. Nett dette har me erfaring med på skulen vår.
Me trur ikkje at nokon kan ”tvingast” eller styrast til å ta i bruk IKT. Kurs, eller kanskje me skulle kalla det ”arbeids-økter” er veldig nyttige og bra. Men det må takast omsyn til at folk er på ulike nivå. Det hjelper lite med kurs for folk som ikkje er innstilt på å ”gjera jobben” sjølv. Ein kan gå på hundre kurs, utan at ein er særleg mykje meir dyktig i å bruka eit program. Utfordringa er at dei som ikkje vil eller føler at dei kan nok IKT ikkje blir bremseklossar for å få til ei utvikling. Det må leggjast til rette for at alle får lov til å jobba med sine sterke område. Og så kan ein håpa og tru at alle utviklar seg og ”vågar” å lata elevane eller kollega vera ekspertar på dette området, medan ein sjølv er ekspert på noko anna.
Det er ikkje slik at IKT er det einaste viktige i framtida, men det er eit av dei elementa i undervisning som me ikkje kjem utanom.
3.3 Utfordringar på vegen mot draumesamfunnet
3.3.1 Kort sikt (1 år)
Dei viktigaste utfordringane på kort sikt er å få ”alle ” i skulesamfunnet til å bruke It`s learning, slik at dette vert ”sjølvgåande”. Alle lærarar bør ha eigen pc, og aller helst tilgong til nett heime slik at dei kan bruke dette hjelpemiddelet heime og`.
3.3.2 Mellomlang sikt (2-3 år)
Mellomlang sikt at alle elvane har sin eigen pc, at både dei og lærarane kan så mykje at dei beherskar utstyret som skal brukast. At alle elevane har nett-tilgong heime. At føresette kan kommunisere med skulen via nettet i saker som ein ikkje treng å ha personleg oppmøte.
3.3.3 Lang sikt (4-5 år)
Lang sikt at me har greidd å ”følgje med i svingane” at ikkje ting går så fort at me ikkje får med oss alt, at me ikkje greier å fornye oss i takt med tida. Ei anna utfordring vert å finne ein balansegong mellom det digitale samfunnet og det ”menneskelege” samfunnet, me må ikkje missa det mellommenneskelege opp i alt dette.
4 Tiltak
4.1 Kortsiktige tiltak
BAKGRUNN TILTAK ANSVAR NÅR
- viktig at tilgong til utstyr er tilfredsstillande
- innkjøp av utstyr
- adm.
vår 2007
- etablere samarbeid med andre læringsinst.
- deltaking på lærande nettverk (= samarbeids-prosjekt mellom grunnskule, vidaregåande skule og Høskulen i Bergen)
- adm. ,IKT gruppe
skuleåret 2007-08
- ta i bruk IKT ved eksamen
- digital eksamen
- adm., syst.ansvarlege,
faglærarar
- vår 2007
- viktig å registrere kompetansen hos personale for å setja i gang differensiert opplæring
- kartlegging av IKT kunnskapar (ferdigheitar og haldningar) hos personale
- adm., superbrukarar i Is’learning
- vår 2007
- er gj.ført mars 2007
- kompetanseheving hos personale
- interne kurs i
- word
- excel
- It’learning - eks.ansvarleg, superbrukarar - påbegynt mars 2007
- vår 2007
- sårbart med berre ein systemansvarleg på skulen
. - finne ressurs til ein person slik at 2 personar har den tekniske kompetansen som trengst på skulen
- adm., systemansvarleg - ressurs tildelt (10%) ein lærar,
jan. 2007
- innføring av SkoleArena til fråværsføring, vurdering m.m.
- kurs i programmet (fråvær)
- prosedyrar, felles ”reglar”
- kurs i programmet (vurdering) - adm., superbrukarar, syst.ansvarleg
- adm., superbrukarar, syst.ansvarleg
- gj.ført jan. 2007
- aug. 2007
- det er ikkje nettilgong i lokaler skulen leiger i Kultur- og idr.bygget og Posten.
- trådlaus nettilgong i alle klasserom (i lokaler skulen leiger)
- adm., superbrukar,
Hordaland fylkeskommune - det er tatt kontakt med HF, men det er ikkje gjort noko konkret
- vurdere ulike måtar å organisere undervisninga i IKT på - ominnreiing av datarom til integrerte stasjonar rundt på skulen
- fjerne stasjonære maskinar - adm., superbrukar,
Hordaland fylkeskommune - haust 2007
4.2 Tiltak på mellomlang sikt
BAKGRUNN TILTAK ANSVAR NÅR
- ta meir i bruk It’s learning i undervisninga
- interne kurs
- adm., superbrukarar
- aug. 2007
- endra metodikk i undervisninga ved å ta i bruk IKT - kurs
- elektronisk lærebok
- mappemetodikk
- kommunikasjon
- vurdering
- tilpassa opplæring
- digitale læringsressursar
- m.m. - adm., fagkoord., superbrukarar - aug. 2007
(haust 2007)
- alle elevar på VGI skal ha berbar maskin – korleis organiserer skulen dette? - hente inn informasjon frå Hordaland fylkeskommune
- type maskinar
- klargjering
- oppbevaring
- m.m Adm., superbrukarar - april 2007
- alle elevar på VGI skal ha berbar maskin – elevane treng opplæring - kurs for elevar
- bruk av maskinen
- grunnleggande dugleikar
- It’s learning
- touch-metoden
- IKT som ressurs i læringa
- søking på Internett
- kjeldekritikk
- m.m. adm., superbrukarar,
faglærarar - aug. 2007
- haust 2007
4.3 Tiltak på lang sikt
BAKGRUNN TILTAK ANSVAR NÅR
- vidareutvikla kunnskapar, ferdigheiter og haldningar - kurs
- samarbeid med andre skular adm., superbrukarar,
faglærarar
- skuleåret 2009-10
- vurdere maskinparken - fornye maskinparken
- vurdere, kjøpe inn nye teknologiske løysingar
- adm., systemansvarleg, faglærarar - skuleåret 2009-10
- vurdere /endre metodikk i undervisninga ved å nytte IKT - kartlegging
- evaluering
- kurs adm., superbrukarar,
faglærarar
- skuleåret 2009-10
Vedlegg
1. IKT-undersøking ved Fitjar vidaregåande skule
Kartlegging av IKT
1 Korleis er dine kunnskaper innan filbehandling? (lagre, lage mappestruktur for dokumenter på server)
Bra
Middels
Treng opplæring
2 I kva grad meistrar du å bruka Word? (stavekontroll, tabellar, skrittypar, nummerering, blder,..)
Bra
Middels
Treng opplæring
3 I kva grad meistrar du å bruka Excel/rekneark?
Bra
Middels
Treng opplæring
Brukar ikkje excel
4 I kva grad meistrar du å bruka Powerpoint?
Bra
Middels
Treng opplæring
5 I kva grad meistrar du å bruka”paint shop pro” eller andre bildebehandlingsprogram?
Bra
Middels
Treng opplæring
Brukar ikkje slike program
6
I kva grad meistrar du å bruka ulikt AV-utstyr? (videokanon, digitalkamera, filmkamera, CD-brennar,…)
Bra
Middels
Treng opplæring
7 Kva utstyr treng du opplæring i?
8 Er det andre moment som gjeld generelle dataferdigheter du treng opplæring i?
9 Bruk av internett
I kva grad meistrar du å driva kjeldesøk og kjeldekritikk?
Bra
Middels
Treng opplæring
10 Bruk av internett:
I kva grad meistrar du å lasta ned bilder, filmar eller programvare frå nettet?
God
Middels
Treng opplæring
11 Om internett:
Kor mykje nyttar du fagnettstader i dine fag?
(forlaga sine nettstader i ulike fag)
Ofte
Av og til
Sjeldan eller aldri
Veit ikkje om slike fagnettstader
12
Skuleportalen:
I kva grad meistrar du å bruka e-post?
(lese, sende til ein eller fleire mottakarar, leggje ved vedlegg, opne vedlegg)
Bra
Middels
Treng opplæring
13
Skuleportalen:
I kva grad meistrar du å bruka meldingstenesta i It`s Learning?
(opne, sende til fleire mottakarar, leggje ved vedlegg, opne vedlegg)
Bra
Middels
Treng opplæring
14 I kva grad meistrar du å leggje ut fag i It`s Learning?
(opprette fag, leggje inn elevar, legge ut arbeidsplanar eller andre dokument)
Bra
Middels
Treng opplæring
15 I kva grad meistrar du å nytte ulike tenester i It`s Learning?
(leggje ut oppgåver med vurdering, lage test, lage undersøking, …)
Bra
Middels
Treng opplæring
16 Bruker du It`s Learning aktivt i dine fag?
Ja, i alle fag
I nokre fag
Nei
17 Hvis du legger ut dine fag i It`s Learning, nyttar elevane desse sidene?
Ja, mange elevar gjer det
Nokre elevar gjer det
Ingen elevar nyttar sidene
18 Kva kan du eller skulen gjere for at elevane nyttar It`sLearning meir?
19 Er det andre moment om bruk av skoleportalen/It`s Learning du treng opplæring i?
20 Føler du at det er nyttig å bruke digitale verktøy i undervisinga? Forklar kvifor du meiner dette.
21 Treng du kompetanseheving i pedagogisk bruk av IKT?
Forklar.
22 Kunne du tenkje deg å kursa kollegaer i eit eller fleire emne innan IKT? Kva emne?