Arkiv for mai, 2007

Oppgåve 3

mai 9, 2007

Kikk på følgende kurs som er gjennomført av Howard Rheingold ved UC Berkeley.
Dette kurset er lagd i Mediawiki (gratis tilgjengelig). Legg spesielt merke til hvordan kurset er organisert på nettet, og til hvordan de enkelte temaene er beskrevet. Skriv en kommentar i bloggen din der du enten tar opp ulike utfordringer ved å organisere og gjennomføre kurs på denne måten, eller der du går nærmere inn på ett av temaene som kurset omhandler. Kommentaren skal være på maksimalt 1000 tegn.

Kommentar til kurs av Howard Rheingold ved UC Berkeley. Kurs

For meg som ikkje har vore inne på denne sida før var førsteinntrykket mitt at dette var uoversikteleg. Sida var ikkje logisk oppbygd og eg brukte lang tid på å orientera meg om korleis eg skulle navigera for å finna den informasjonen eg trong for å kommentera kursa. Det var og altfor mykje tekst på hovudsida. Min umiddelbare reaksjon var at skal studentar / lærararane våre ta slike kurs må hovudsida vera godt organisert og strukturert på ein slik måte at ein ikkje “gir opp” før ein kjem i gang.
Etter å ha brukt litt tid på hovudsida til Rheingold fann eg no ut av det. Det var ein god kursbeskrivelse til kursa. Denne var nyttig å lesa og den hadde og linkar for dei som trong meir utfyllande informasjon. Dette var bra! Eg kikka litt på studentsidene og dei var oversiktelege. Truleg fordi eg kjende att sidene sidan me nyttar “samme opplegg” på vår eksamensside. Eg synest det er viktig med ei slik side der ein kan ta opp og diskutera ulike problemstillingar og det er litt meir forpliktande for studentane. Kursa til Rheingold er godt strukturert med klåre oppgåver. Det er ei fast ramme med kva ein skal gjera og kor lang tid ein har til disposisjon. På den eine sida er dette bra fordi ein har ein detlajert plan for kurset. Føl ein dette opplegget kjem ein i mål til rett tid, og kjem kanskje ikkje så lett på avvegar. For nye / uerfarne studentar er nok ei slik organisering bra. På den andre sida kan kursa virka for rigide og for strukturerte, noko som kan hemma kreativiteten til studentane og det personlege utbyte av kurset kan kanskje ikkje bli like godt for alle. Det er flott at alle læremidla er på nettet. Då er tilgangen lik for alle uansett kvar i verda ein er. Rheingold har mange linkar i kurset sitt slik at studentane kan gå meir i dybden på ulike tema. Dette er bra fordi ein kjem då til relevant stoff på ein enkel måte. Dette er ein metodikk som mange lærarar i den vidaregåande skulen i dag nyttar med gode tilbakemeldingar frå elevane. For å ta i bruk teknologien til kurs av denne typen må deltakarane ha ein viss minimum av datakunnskapar. Skal me lukkast i skulen trur eg enkle og gode web-kurs/oppskrifter i det å ta slike kurs må til før lærarane “hiv seg på”. Det er ein god metodikk å vise eit opplegg som fungerer, og som ikkje ser avskrekkande ut. For oss ute i distrikta er dette ein god måte å ta kurs på. Vår skule er med i eit forsøk om digital eksamen der ein del av opplæringa / kursinga er web.konferansar med aktiv bruk av data og telefon. Dette var spanande første gongen, og i dag ser me ingen problem med å nytta teknologien til opplæring. Tenk på all tida me sparar i og med at me slepp å reise til Oslo for å ha eit møte på 3 timar. Me oppfordrar lærarane våre til å gjera det samme til våren når dei skal sensurera eksamensoppgåver i saman med sensorar frå andre skular. Då er det godt å seia at dette har eg vore med på og dette “klarar du”. Teknologien er der, og som leiarar må me få fram nytteverdien i å ta i bruk web.2.0-teknologien, samt å gi tid til lærarane for å setja seg inn i “dette nye”. Lukkast me med dette vil det jo i neste omgang koma elevane til gode, noko som vel er meininga med det heile. Skal eg som leiar og lukkast må me få fleire slike samlingar som me dette året har vore på. Kanskje me kan fortsetja opplæringa vår ved hjelp av web. 2.0 teknologien? Det vil forplikta og då held me interessa vår og fokuset på den digitale utviklinga oppe.

Oppgåve 2

mai 4, 2007

Les artikkelen Dalsgaard, Christian. 2006. Social Software : E-learning beyond learning management systems. I European Journal of Open, Distance and E-Learning Management Systems. Online: www.eurodl.org/materials/contrib/2006/Christian_Dalsgaard.htm., 11 s
Finn en problemstilling eller et tema som du synes er interessant i artikkelen og som du kan relatere til din egen situasjon eller praksis på en eller annen måte. Skriv en kommentar tilsvarende 600-1000 tegn i bloggen din (1-2 sider tekst).

Dalsgaard er i artikkelen opptatt av og argumenterer for ei endring av studentar sin måte å lære på. Han meiner det er nødvendig “to move e-learning beyond learning management systems and engage students in an acitive use of the web as a resource for their self-govered, problem-based and colloborative activities”. Dalsgaard er kritisk til vanlege LMS (It’s learning), og han ynskjer ein diskusjon om korleis ein kan utvikle e-læring vidare. Han ser på LMS som godt eigna til administrative oppgåver. Det er i følge Dalsgaard å flytte e-læringa ut over dei tradisjonelle e-læringssystema og heller involvere studentane i ein interaktiv bruk av internett. Dette er av stor verdi for studentane si læring då det er meir samarbeidsfremjande – interaktivt. Det krev tilgang og veksling mellom ulike nettsider og andre har høve til innsyn og til å koma med kommentarar og samskriving. Dalsgaard er opptatt av å involvere studentane i ulike former for sosiale nettverk. Det finnes eit mangfald av verkty og mange er medlemmar i ulike sosiale nettverk som web, wikis… som støtte til e-læringsaktivitetar. “Social software” kan nyttast konstruktivt i læringsarbeidet i og med at det er ei programvare som kan nyttast som ei kommunikasjonsplattform. Ein LMS kjem inn i denne kategorien. Kan me ikkje då berre nytta It’s learning? Dalsgaard peikar på at det er mange ulemper ved å berre nytta ein LMS. Wiki vert ein heilt annan måte å jobbe på. Alle har like rettar og kan redigere innhaldet. Ulempa er sjølvsagt at alle kan sletta det som er skrive, men det viser seg i praksis at dette ikkje er noko problem for dei fleste elevar bidrar positivt.

I praksis, på ein liten vidaregåande skule på Vestlandet, er dette etter mi meining ein teknologi som me må setja oss meir inn i for å gjera oss nytte av i ein pedagogisk samanheng. Fordelane som eg ser er at elevane våre kan fungere som ei “stor og internasjonal” gruppe online. Skulen vår samarbeidar med skular i Italia og har elevar utplassert i Spania. Ved å nytta denne teknologien kan ein arbeida med felles oppgåver og få mange ulike innspel, innfallsvinklar. I internasjonaliseringsarbeidet ser eg at dette kan ha stor nytteverdi. Det vil og vera lettare for elevar på ulike skular å samarbeida om felles prosjekt t.d. ein byskule på Østlandet og vår skule på bygda. Oppgåva kan t.d. være ungdomskulturen i Oslo og på Fitjar. Me lagar grupper beståande av elevar frå begge skulane og dei leverer eit samla produkt. Kanskje framføringa kan skje digitalt ved hjelp av eit webkamera?

Utfordringane på vår skule er mange. Det er ei bratt læringskurve innan ny teknologi og “alt dette nye” tek tid, og det er mange barrierer som må rivast ned. Klarar me å sjå nytteverdien av den nye teknologien er mykje gjort. Derfor er slike kurs som me no går på svært viktige for å få ei lite innblikk i kva som “rører” seg i datateknologien. Me må heller ikkje vera redd for å nytta elevane som læremeistrar. Ei slik rolleforskyving kan vera nyttig for både elev og lærar, og ikkje minst for rektor og inspektør.