Les artikkelen Dalsgaard, Christian. 2006. Social Software : E-learning beyond learning management systems. I European Journal of Open, Distance and E-Learning Management Systems. Online: www.eurodl.org/materials/contrib/2006/Christian_Dalsgaard.htm., 11 s
Finn en problemstilling eller et tema som du synes er interessant i artikkelen og som du kan relatere til din egen situasjon eller praksis på en eller annen måte. Skriv en kommentar tilsvarende 600-1000 tegn i bloggen din (1-2 sider tekst).
Dalsgaard er i artikkelen opptatt av og argumenterer for ei endring av studentar sin måte å lære på. Han meiner det er nødvendig “to move e-learning beyond learning management systems and engage students in an acitive use of the web as a resource for their self-govered, problem-based and colloborative activities”. Dalsgaard er kritisk til vanlege LMS (It’s learning), og han ynskjer ein diskusjon om korleis ein kan utvikle e-læring vidare. Han ser på LMS som godt eigna til administrative oppgåver. Det er i følge Dalsgaard å flytte e-læringa ut over dei tradisjonelle e-læringssystema og heller involvere studentane i ein interaktiv bruk av internett. Dette er av stor verdi for studentane si læring då det er meir samarbeidsfremjande – interaktivt. Det krev tilgang og veksling mellom ulike nettsider og andre har høve til innsyn og til å koma med kommentarar og samskriving. Dalsgaard er opptatt av å involvere studentane i ulike former for sosiale nettverk. Det finnes eit mangfald av verkty og mange er medlemmar i ulike sosiale nettverk som web, wikis… som støtte til e-læringsaktivitetar. “Social software” kan nyttast konstruktivt i læringsarbeidet i og med at det er ei programvare som kan nyttast som ei kommunikasjonsplattform. Ein LMS kjem inn i denne kategorien. Kan me ikkje då berre nytta It’s learning? Dalsgaard peikar på at det er mange ulemper ved å berre nytta ein LMS. Wiki vert ein heilt annan måte å jobbe på. Alle har like rettar og kan redigere innhaldet. Ulempa er sjølvsagt at alle kan sletta det som er skrive, men det viser seg i praksis at dette ikkje er noko problem for dei fleste elevar bidrar positivt.
I praksis, på ein liten vidaregåande skule på Vestlandet, er dette etter mi meining ein teknologi som me må setja oss meir inn i for å gjera oss nytte av i ein pedagogisk samanheng. Fordelane som eg ser er at elevane våre kan fungere som ei “stor og internasjonal” gruppe online. Skulen vår samarbeidar med skular i Italia og har elevar utplassert i Spania. Ved å nytta denne teknologien kan ein arbeida med felles oppgåver og få mange ulike innspel, innfallsvinklar. I internasjonaliseringsarbeidet ser eg at dette kan ha stor nytteverdi. Det vil og vera lettare for elevar på ulike skular å samarbeida om felles prosjekt t.d. ein byskule på Østlandet og vår skule på bygda. Oppgåva kan t.d. være ungdomskulturen i Oslo og på Fitjar. Me lagar grupper beståande av elevar frå begge skulane og dei leverer eit samla produkt. Kanskje framføringa kan skje digitalt ved hjelp av eit webkamera?
Utfordringane på vår skule er mange. Det er ei bratt læringskurve innan ny teknologi og “alt dette nye” tek tid, og det er mange barrierer som må rivast ned. Klarar me å sjå nytteverdien av den nye teknologien er mykje gjort. Derfor er slike kurs som me no går på svært viktige for å få ei lite innblikk i kva som “rører” seg i datateknologien. Me må heller ikkje vera redd for å nytta elevane som læremeistrar. Ei slik rolleforskyving kan vera nyttig for både elev og lærar, og ikkje minst for rektor og inspektør.
mai 5, 2007 ved 9:25 am
Hei!
Eg er einig med det du skriv om “alt dette nye” og bratt læringskurve, men me er jo heldige som får læra mykje gjennom eit så godt opplegg som dette kurset. Utfordringa vert å ta det vidare, til kollegaer og elevar.
Synest du har nokre interessante tankar omkring internasjonalisering, det opnar opp heilt nye mulegheiter for oss dersom me kan få til eit tettare samarbeid med skular andre stader i verda. Internasjonalisering er vanskeleg å få til, og ofte dyrt, men det meste av den nye teknologien er gratis, så her ligg det godt til rette for nye prosjekt.
Magnhild
mai 9, 2007 ved 3:07 pm
Jeg er helt enig i det du skriver om at wiki åpner opp for en helt ny arbeidsmåte med tanke på internasjonalisering. Her kan en frem i tid få til masse spennende innenfor forksjellige fagfelt. Jeg kom over et prosjekt gjort på wiki mellom en skole i England og en i Canada. Dette kan jo være noe å se på; http://flatplanet.wikispaces.com/
Når det ellers gjelder læringsplattformer sett i forhold til alt det andre som finnes der ute, så er jeg i tvil om hva jeg mener. Litt av begge deler, tenker jeg nå….