Oppgåve 3

By Leif Helge Engelsen

Kikk på følgende kurs som er gjennomført av Howard Rheingold ved UC Berkeley.
Dette kurset er lagd i Mediawiki (gratis tilgjengelig). Legg spesielt merke til hvordan kurset er organisert på nettet, og til hvordan de enkelte temaene er beskrevet. Skriv en kommentar i bloggen din der du enten tar opp ulike utfordringer ved å organisere og gjennomføre kurs på denne måten, eller der du går nærmere inn på ett av temaene som kurset omhandler. Kommentaren skal være på maksimalt 1000 tegn.

Kommentar til kurs av Howard Rheingold ved UC Berkeley. Kurs

For meg som ikkje har vore inne på denne sida før var førsteinntrykket mitt at dette var uoversikteleg. Sida var ikkje logisk oppbygd og eg brukte lang tid på å orientera meg om korleis eg skulle navigera for å finna den informasjonen eg trong for å kommentera kursa. Det var og altfor mykje tekst på hovudsida. Min umiddelbare reaksjon var at skal studentar / lærararane våre ta slike kurs må hovudsida vera godt organisert og strukturert på ein slik måte at ein ikkje “gir opp” før ein kjem i gang.
Etter å ha brukt litt tid på hovudsida til Rheingold fann eg no ut av det. Det var ein god kursbeskrivelse til kursa. Denne var nyttig å lesa og den hadde og linkar for dei som trong meir utfyllande informasjon. Dette var bra! Eg kikka litt på studentsidene og dei var oversiktelege. Truleg fordi eg kjende att sidene sidan me nyttar “samme opplegg” på vår eksamensside. Eg synest det er viktig med ei slik side der ein kan ta opp og diskutera ulike problemstillingar og det er litt meir forpliktande for studentane. Kursa til Rheingold er godt strukturert med klåre oppgåver. Det er ei fast ramme med kva ein skal gjera og kor lang tid ein har til disposisjon. På den eine sida er dette bra fordi ein har ein detlajert plan for kurset. Føl ein dette opplegget kjem ein i mål til rett tid, og kjem kanskje ikkje så lett på avvegar. For nye / uerfarne studentar er nok ei slik organisering bra. På den andre sida kan kursa virka for rigide og for strukturerte, noko som kan hemma kreativiteten til studentane og det personlege utbyte av kurset kan kanskje ikkje bli like godt for alle. Det er flott at alle læremidla er på nettet. Då er tilgangen lik for alle uansett kvar i verda ein er. Rheingold har mange linkar i kurset sitt slik at studentane kan gå meir i dybden på ulike tema. Dette er bra fordi ein kjem då til relevant stoff på ein enkel måte. Dette er ein metodikk som mange lærarar i den vidaregåande skulen i dag nyttar med gode tilbakemeldingar frå elevane. For å ta i bruk teknologien til kurs av denne typen må deltakarane ha ein viss minimum av datakunnskapar. Skal me lukkast i skulen trur eg enkle og gode web-kurs/oppskrifter i det å ta slike kurs må til før lærarane “hiv seg på”. Det er ein god metodikk å vise eit opplegg som fungerer, og som ikkje ser avskrekkande ut. For oss ute i distrikta er dette ein god måte å ta kurs på. Vår skule er med i eit forsøk om digital eksamen der ein del av opplæringa / kursinga er web.konferansar med aktiv bruk av data og telefon. Dette var spanande første gongen, og i dag ser me ingen problem med å nytta teknologien til opplæring. Tenk på all tida me sparar i og med at me slepp å reise til Oslo for å ha eit møte på 3 timar. Me oppfordrar lærarane våre til å gjera det samme til våren når dei skal sensurera eksamensoppgåver i saman med sensorar frå andre skular. Då er det godt å seia at dette har eg vore med på og dette “klarar du”. Teknologien er der, og som leiarar må me få fram nytteverdien i å ta i bruk web.2.0-teknologien, samt å gi tid til lærarane for å setja seg inn i “dette nye”. Lukkast me med dette vil det jo i neste omgang koma elevane til gode, noko som vel er meininga med det heile. Skal eg som leiar og lukkast må me få fleire slike samlingar som me dette året har vore på. Kanskje me kan fortsetja opplæringa vår ved hjelp av web. 2.0 teknologien? Det vil forplikta og då held me interessa vår og fokuset på den digitale utviklinga oppe.

Ei tilbakemelding til “Oppgåve 3”

  1. Magnhild Hakestad seier:

    Hei!
    Eg synest det er interessant å lesa dei tankane du har om å arbeida nettbasert på skulen. Særskilt poenget ditt med at ein må byrja i det små, men halda det ved like og ikkje gje seg. Det trur eg er viktig. Det nyttar ikkje med litt opplæring og “ver så god, ta i bruk”. Me må trykkja på ei stund før det er etablert. Det er det same med oss som tar eksamen her, det. No får me ein viss kompetanse i blogg og wiki i alle fall, men me kan ikkje slutta etter eksamen. Trykket frå Fylkeskommunen må og oppretthaldast, eg er einig i at det godt kan koma fleire samlingar.
    Magnhild

Legg att eit svar